Kjønn, alder m.m

 

KJØNN

Hos vaksne fuglar er det lett å sjå forskjell på hoer og hannar. Hoene varierar i fargen kvitblå til brun vokshud. -hannane blå.

Men, det finnes unntak hos hannane, der vokshuda er rosalilla, sjølv som vaksen.

Dette gjeld danskbroka, brunvinge (fallow), https://www.norsk-undulatklubb.no/genetikk-mutasjon/recessiv-arv-mutasjonar/

inos, lacewing  https://www.norsk-undulatklubb.no/genetikk-mutasjon/kjonnsbundne-mutasjonar/

og svartaugde (DEC) https://www.norsk-undulatklubb.no/genetikk-mutasjon/kombinerte-mutasjonar/

 

Utviklinga av den blå fargen som hannane har på vokshuda, kan starte når dei er rundt 3-4 månadar gammal.

Dei som er yngre, har ein meir rosalilla farge.

Utviklinga av fargen på hoene si vokshud kjem meir gradvis.

Sjølv kor mange ungar ein har hatt i kassene, skjer det at det er vanskelig å skille ei jente frå ein gut, og ein må ta tida til hjelp.

 

Klikk på bileta for større bilete.

 

 

NYKLEKTE

Dei fleste mutasjonane har svarte auger frå dei er nyklekte og blir vaksen.

Det finnes unntak der også.

Inos, brunvinge ( fallow) og lacewing, har raude auger, som vi kan sjå med ein gong dei kjem ut av egget.

Desse mørknar gjerne når dei blir eldre og det skjer også at augene blir såpass mørke som vaksen, at det kan ver vanskelig å sjå at dei er raude.

Det er også dei som har ein mellomting mellom svarte og raude auger og vi kallar dei plommefarga. Dette gjeld mutasjonen isabell. Når ungane er rundt 10-12 dagar, mørknar augene hos desse også, og dei blir tilnærma svart.

Det kan skje at dobbeltfaktor spangler også får plommefarga auger når dei klekker, men dette er ingen regel.

Klikk på bilete for større bilete.

 

 

 

ALDER, ei lita rettesnor

Å kunne sei eksakt alder på ein fugl, er ikkje like enkelt, men det er likevel forskjellar på ein unge under 3 månadar og ein vaksen fugl.

Vi ser på fargen på vokshuda. Er den brun eller skikkelig blå? Då er den nok ikkje ein unge på 8 veker, men ein som har bikka 3-4-5 mnd og kanskje den er vaksen.  Sjå på bileta ovanfor, som viser fargen på heilt unge fuglar.

Utfordringa her er dei hannane som har rosalilla vokshud heile livet. Her er det lite forskjell på fargen når dei er heilt unge og vaksen.

Vi ser også på hovudet til fuglen. På dei mutasjonane som har mykje teikningar, har ofte ungane svake stripeteikningar, til like ovanfor vokshuda. Etter fuglane har vore gjennom den første fellinga, skifte av ein del fjører som dei gjer rundt 3-5 månadars alder, vil desse svake stripene oppe på hovudet forsvinne.

På fuglar som har lite teikningar, svakt farga teikningar  eller er einsfarga, har vi ikkje dette å gå etter.

 

Klikk på bileta for større bilete.

FELLING

Felling, myting, skifte av fjør, dette er heilt naturlig. Den første fellinga får dei når dei er ca. 3-5 månadar gammal. Då får dei gjerne ei kraftig felling og det strittar med nye fjørpiggar på hovudet. Det er ikkje farlig og fuglen er ikkje sjuk. Den berre byttar om til vaksenfjør. Sidan har dei gjerne eit par større fellingar gjennom året.

Hos utstillingsfugl, blir gjerne forandringane frå før og etter den første fellinga, mykje større enn hos ein australsk fugl.

 

Klikk på biletet for større bilete

 

 

OPPBYGGING/NAMN

Klikk på biletet for større bilete