Kjønnsbundne mutasjonar/arv

KJØNNSBUNDNE MUTASJONAR

I denne gruppa finn vi opalin, isabell, inos ( felles for albino og lutino), lacewing og texas clearbody.

I arv skil denne gruppa seg frå dominante og recessive mutasjonar. Den er ein slags kombinasjon av dominant og recessiv arv, men samtidig vil kjønn spele ei rolle her.

Hoer kan ikkje bere ein kjønnsbunden mutasjon som splitt. Den er (nesten) alltid synleg. Unntaket er ino. Ino tek vekk all farge, og vi kan ikkje sjå at ei hoe også eksempelvis kan vere opalin. Texas Clearbody, som er ein alell til inos, er dominant for ino.

Hannar kan bere kjønnsbundne mutasjonar  splitt. For å få hoer i ein av dei kjønnsbundne mutasjonane, er det nok at far har genet, synleg eller skjult. Hannen gir arva vidare, der hoene viser mutasjonen, medan hos sonane legg arva seg skjult. Sjå parringsskjema for nærare oppsett.

For å kunne få hannar der vi kan sjå mutasjonen, må genet inn frå både mor og far.

NB! Som vedlegg, nederst på sida, ligg det arveskjema på dei raudaugde,  ino, lacewing og isabell. Dette er kombinasjonar i forhold til kvarandre som er litt annaleis,  enn om vi set ein av desse i lag med ein normal.

Vi har tillatelse frå Jonny Salling, Danmark, i å bruke oppsettet.

 

OPALIN

Set vi ein opalin fugl i lag med ein normalteikna, vil vi sjå at teikningane på hovudet, nakke og vingar er litt anna ein det ein normalteikna har. Teikningane på hovudet og i nakke er ikkje like tette som hos ein nt og er som striplete linjer. Mellom vingane skal dei ha eit trekanta felt, som ein tydeleg V, som er kroppsfarga, på dei som er korrekt teikna.

I staden for at dei svarte teikningane er kombinert med gul på ein grøn fugl og kvit med ein blå, ser vi kroppsfargen mellom bølgeteikningane. Opalin har lyst felt ved rota av dei ytterste slagfjørene, som blir kalla opalinspegel.

 

Auger:  -svarte med kvit irisring

Vokshud: -blå hos hannar, vanligvis kvit-blå til brunleg hos hoer

Spottar: –svarte

Maske:- kvit hos blå undulatar, smørblomstgul hos grøne

Kinnplettar: -djup violblå, som hos nt.  Lysare blågrå hos grågrøne og grå.

Teikningar:  -vingane, som på normalteikna,-lyst felt (speil) på slagfjørene. På isse, nakke og er teikningane svake eller manglar. Ryggen har eit trekanta felt mellom vingane, kalla V-teikn, som skal ver utan bølgeteikningar. Kroppsfarge i teikningane på vingane

Kroppsfarge: -heil som nt
Bein/føtter:  –blågrå

Halefjør: –som normalteikna. Mørke med tydelig blåskjer hos grøne og blå. Svarte hos grågrøn og grå.

 

Vanlige feil;   Flecking som er svarte flekkar oppe på hovudet, der dei skal ver rein kvit eller gul.   Åpne teikningar på vingane, lite kroppsfarge i vingeteikningane, bølgetegninger i nakke og mellom skuldrene ( i V-tegnet). Lyse halefjør.

 

Parringskjema.

  • Han opalin x ho opalin=   100% opalin.
  • Han opalin x ho normal =  normal/opalin hannar og opalin hoer
  • Han normal x ho opalin =  normal/opalin hannar og normal hoer.
  • Han normal/opalin x ho normal=  25 % opalin hoer, 25 % normal/opalin hannar , 25 % normal hoer, 25 % normal hannar
  • Han normal/opalin x ho opalin=    25% normal/opalin hannar, 50% opalin begge kjønn. 25% normal hoer.

Trykk på biletet for større bilete

 

 

 

INO ( albino og lutino)

Ino er fellesuttrykk for lutino (gul) og albino (kvit). Lutinoen er opprinnelig ein grøn undulat og den kvite, -blå.

Melanin er eit stoff som produserar farge hos ein undulat. Inoar greier ikkje å produsere melaninm men produserar fortsatt psittachin, som er det gule fargestoffet på fuglane,  og dermed blir den grøne fuglen gul og den blå fuglen kvit. Augene er raude med kvit irisring. Ino dekker over alle andre mutasjonar fuglen evt.måtte ha. Unntak; texas clearbody.

Gulmaske kjem ikkje til med melaninproduksjon, men av psittacin. Difor kan ein albino kunne få ulike gulmasker.

Kroppsfarge: rein gul (lutino), rein kvit (albino)

Bølgeteikningar: ingen

Spottar: ingen markeringar

Kinnplettar: kvite

Vokshud: rosalilla hos hannar. Kvitblå-brun hos hoer

Auger: raude med kvit irisring

Slagfjør: bleik gulkvit hos lutino. Kvit hos albino

Halefjør: bleik gulkvit hos lutino. Kvit hos albino

Føtter: rosaaktig/hudfarga

Vanlige feil: skinn av opprinnleg farge eller svake markeringar av bølgeteikningar

 

Parringsskjema

  • han ino x ho ino= 100% ino.
  • han ino x ho normal = normal/ ino hannar og ino hoer.
  • han normal x ho ino= normal/ ino hannar og normal hoer.
  • han normal/ ino x ho normal= 25 % ino hoer, 25 % nnormal/ino hannar ,25 % normal hoer, 25 % normal hannar
  • han normal/ ino x ho ino= 25% normal/ ino hannar, 50% ino begge kjønn. 25% normal hoer.

 

Trykk på biletet for større bilete

 

 

 

 

ISABELL

Der normalteikna har svarte teikningar, er isabell sine teikningar brune. På engelsk er mutasjonen kalla cinnamon som betyr kanel. Kanel gjenspeglar den brune fargen på teikningane.

Normalteikna er rekna å ha full styrke i kroppsfargen. Altså 100%. Isabell har reduksjon i kroppsfargen og det ideelle er 50% av det ein nt er.

 

Kroppsfarge: -50% av fargestyrken til ein normalteikna

Spottar: –runde brune

Kinnplettar: –violett, blågrå hos grågrøne og grå.

Vokshud: blå hos hannar, kvit-blå-brun på hoer.

Auger: -frå dei er nyklekka og til dei er 7-8 dagar, plommefarga. Når dei veks til,svarte med kvit irisring

Halefjør: -djup brun hos grå og grågrøne. Mørk blå med brun fjørpenn hos grøne og blå.

Føtter: –rosagrå

Bølgeteiknigar: –brune, regelmessig mønster frå isse, nedover nakke, rygg og heile vingane, som hos nt. Gul farge mellom vingeteikningane hos den grøne og kvit farge hos den blå

 

Parringsskjema

  • Isabell han x isabell ho= 100% isabell
  • isabell han x normal ho= normal/isabell hannar og isabell hoer.
  • normal han x isabell ho = normal/isabell hannar og normal hoer.
  • normal/isabell han x normal ho = 25 % normal/isabell hannar, 25 % normal hannar, 25 % normal hoer, 25 % isabell hoer,
  • normal/isabell han x isabell ho= 25% normal/isabell hannar, 25% isabell hannar, 25% isabell hoer, 25% normal hoer

Trykk på biletet for større bilete

 

 

LACEWING

Ein ino, som albino eller lutino, med raude auger og samtidig brune teikningar, då har vi ein ino-isabell= lacewing.

Lacewing skal ha markerte brune teikningar, men ein opplever ofte at brunfargen blir svak og ein kan tru det er ein ino ein har.  Ein ino er fri for melanin. Korleis dei brune teikningane etter isabellen kan slå igjennom mht. teikningane, er fortsatt ei gåte.

Ein kan ikkje sette saman ein ino og isabell og det dermed blir lacewingungar. Då kjem ein inn på det som blir kalla crossover og sjangsen er svært liten. I arv i lag med ein ino, er lacewingen vikande. Sjå vedlegg parringsskjema.

Ein brunvinge ( fallow) og lacewing kan forvekslast, og spesielt om brunvingen er isabell i tillegg.

 

Farge: Rein kvit eller rein gul med brune teikningar.

Maske: hvit eller gul, med seks jevnt fordelte store runde kanelbrune spottar, dei to ytre er delvis dekket av bunnen av kinnplettane. Det kvite/gule av masken strekker seg over frontpartiet og kronen og fortsette med kanelbrune teikningar på baksiden av hovudet. Frontal og krone skal være klar og fri fra alle tegninger.

Teikningar: på kinn, baksida av hovudet, nakke og vingar; kanelbrun farge på hvit eller gul botn.

Vokshud: rosa-lilla hos hannar, , brun hos hoer

Auger: raud med kvit iris.

Kinnplettar: bleik violett.

Slagfjør: –svak kanelbrun med ein minimal kvit kant

Halefjør: –svak kanelbrun med kanelbrun fjørpenn.

Føtter: -rosa

Merk:

  • Lacewing gul: – Det skal ikkje vere grøn grønskjer eller grøn gjennomslagsfarge.
    Lacewing kvit: – Det skal ikkje vere blå- eller gråskjer eller blå/grå gjennomslagsfarge.
  • Ein opalin form av lacewing er godkjend og etter den generelle beskrivelsen av lacewing gul og lacewing kvit som ovanfor, men med opaline eigenskap.
  • Kvit lacewing, i både normal og opaline form, kombinert med noen gul-eller gullmaske, er godkjent. Den kvite fargen vil bli preget av den gulenyansen, alt eller om den er gul eller gullmaske.
  • Djupna i kroppsfarge hos gul vil variere i overensstemmelse med gjeldande mørkfaktor.

Parringsskjema:

  • han lacewing x ho lacewing=  100% lacewing.han lacewing x ho normal= normal/splitt lacewing hannar og lacewing hoer.
  • han normal x ho lacewing gir normal/splitt lacewing hannar og normale hoer.
  • han normal /lacewing x ho normal= 25 % lacewing hoer, 25 % normal/lacewing hannar ,25 % normale hoer, 25 % normale hannar
  • han normal/lacewing x ho lacewing= 25% normal/lacewing hannar, 50% lacewing begge kjønn. 25% normale hoer.

 

Trykk på biletet for større bilete

 

 

 

Texas Clearbody( TC)

TC er ein allel til ino. Likevel har TC svarte auger. Teikningane er nesten som hos ein normalteikna, men hos TC er slagfjørene lys-grå. Kroppsfargen er også nedbleika i forhold til ein nt. Ofte ser vi at den er lysast øvst på brystet og så mørknar den gradvis på nederste delen av kroppen og på gumpen. Fargeintensiteten skal ikkje overstige 50% av det ein normalteikna er.

Set ein TC og ino i lag, er TC dominant for ino. Dette betyr at ein ino ikkje kan ver splitt TC og *maskere» den, slik den kan gjer med andre mutasjonar. TC kan ver splitt ino.

Nokon av TC`ane er heilt gul, men dei klassiske svarte bølgeteikningane og lys grå slagfjører. Dette er ein grågrøn fugl. Den som er lys grå og ikkje langt frå kvit, er ein grå fugl. Hos dei andre fargane i grøn og blå, vil vi sjå den opprinnlege fargen,-tydlegast på gumpen.

 

Kroppsfarge: den kan variere i intensitet frå ikkje farge og opp til nærmare 50 % av den normale kroppsfargen. Den skal då gå gradvis frå lysast frå øvre bryst og djupast intensitet i fargen ved gumpen, der fargen er sterkast.

Bølgeteikningar: ved kinn, bakhovud, nakke og vingar, svart med veldefinert kvit eller gul kant på fjørene.

Slagfjør: lys grå.

Kinnplettar: Viole. Blågrå hos grå og grågrøne

Vokshud: blå hos hannar. Kvit-blå-brun hos hoer

Auger: svarte med kvit irisring

Halefjør: mørk blå. Svart hos grå og grågrøne.

Føtter: ujamn blågrå

 

Parringsskjema

  • Ino han × Tc ho = 50% Tc/Ino han, 50% Ino hoer
  • Tc han × Ino ho = 50% Tc/Ino han, 50% Tc hoer
  • Tc/Ino han × Ino ho = 25% Tc/Ino han, 25% Ino han , 25% Tc hoer, 25% Ino hoer
  • Tc/Ino han × Tc ho = 25% Tc han, 25% Tc/Ino han , 25% Tc hoer , 25% Ino hoer
  • Tc han × Tc ho = 50% Tc han, 50%Tc ho
  • Normal/Tc han × Ino ho = 25% Normal/ Tc han, 25% Normal/Ino han , 25% Tc hoer, 25% Normal hoer
  • Tc han × Normal ho = 50% Normal/Tc han, 50% Tc hoer
  • Tc/Ino han × Normal ho = 25% Normal/Tc han , 25% Normal/Ino han, 25% Tc hoer, 25% Ino hoer
  • Normal/Tc han × Tc ho = 25% Normal/Tc han, 25%Tc han , 25% Tc ho, 25%Normal ho
  • Normal/Tc han × Normal ho = 25% Normal/Tc han, 25% Normal han, 25% Tc ho, 25% Normal ho
  • Normal han × Tc ho= 50% Normal/Tc han, 50% Normal ho
  • Normal/Ino han x Tc ho= 25% Tc/Ino han, 25% Normal/Tc han, 25% Ino ho, 25% Normal ho.

NB. Lacewing ( lw) kan settast inn i staden for ino

 

Klikk på biletet for større bilete