Vi har fuglar som er samansett av fleire mutasjonar for å få eit visst utsjåande.
Desse er rainbow og svartaugde (dark eyed clear, eng., forkorta DEC).
- Rainbow er kombinasjonen gul eller gullmaske opalin lysvinge i den blå serien.
- Svartaugd også kjend som DEC er kombinert av hollandskbroka og danskbroka, eller kombinasjonen dobbeltfaktor spangle og danskbroka
FBC gråvinge er ein kombinasjon av lysvinge og gråvinge. Pr. i dag er ikkje dette ein godkjend mutasjon hverken av WBO eller i Noreg. Den blir teken med her då mange forvekslar den med lysvinge.
RAINBOW
Opalin lysvinge i himmelblå, kobolt, mauve, viol og grå, samt gul eller gullmaske.
Fargen i gulmaska vil variere alt etter kva type gulmaske fuglen har. Gulmaske 1, gulmaske 2 og gullmaske.
Markeringar: Der fuglen ellers har kvite område, i maska, hovud og nakke, gult sett i forhold til gulmaska den har.
Vingar: eit lett slør av gult på ellers kvite område ved den smale kanten av kroppsfargemarkeringane ( opalin)
Slagfjører: grå/kvite (som lysvinge)
Halefjør: nøytrale med innslag av kroppsfarge ( som lysvinge)
Notat frå WBO
Notata for dei ovannemde gulmaske og gullmaske-mutasjonane mht. enkeltfaktor og dobbeltfaktor, bør også brukast på den skriftelege standarden for Rainbow-varianten.
Klikk på biletet for større bilete
- Foto: W.V. Andersen
- Foto: W.V. Andersen
- Foto: W.V.Andersen
- Rainbow
SVARTAUGD. (DEC)
Kroppsfarge: rein gul ( grøn serie) eller rein kvit ( blå serie) fri for alle markeringar
Maske: rein gul ( grøn serie) eller rein kvit ( blå serie) fri for alle markeringar
Vingar: rein gul ( grøn serie) eller rein kvit ( blå serie) fri for alle markeringar
Vokshud: rosalilla hos hannar og brun hos hoer
Nebb: oransje farga
Auger: svarte utan synleg irisring
Kinnplettar: kvite
Slagfjør: lysare gul enn fargen på gumpen hos grøn serie, kvit hos blå serie
Hovudhalefjør: lysare gul enn fargen på gumpen hos grøn serie, kvit hos blå serie
Fot/legg: hudfarga ( rosaaktig)
Gulmaske og gullmaske etter standard på den kvite, er godkjend
Parringsskjema
- Ef hb/db x db = 25% Ef hb/db, 25% DEC (med ef hb), 25% Normal/db, 25% db
- Ef hb/db x Ef hb/db = 25% Ef hb/db, 12.5% Df hb/db, 12.5% ef hb, 12.5% normal/db, 12.5% DEC ( med ef hb), 6.25% DEC ( med df hb), 6.25% Normal, 6.25% Db, 6.25% Df hb
- Df hb/db x db =50% Ef hb/db, 50% DEC ( med ef hb)
- DEC (med ef hb) x db = 50% DEC (med ef hb), 50% Db
- DEC (med ef hb) x Ef hb/db = 25% DEC (med ef hb), 12.5% DEC (med df hb), 25% Ef hb/db, 12.5% Df hb/db, 12.5% Normal/db, 12.5% Db
- DEC (med ef hb) x DEC (med ef hb) = 50% DEC (med ef hb), 25% DEC (med df hb), 25% Db
Klikk på biletet for større bilete
- Svartaugd voksen han, blå linje
- Svartaugd voksen ho, blå linje
- Svartaugd ung han, grøn linje
- Svartaugd voksen han, ef gulmaske 2
FBC GRÅVINGE
Ein FBC gråvinge er ein kombinasjon av lysvinge og gråvinge. Den har gråvingen sine grå bølgeteikningar og lysvingen sin fargesterke kropp og har nesten identiske kinnplettar til lysvingen. Kun antydningsvis lysare. Forskjellen på ein lysvinge med mørkvingefaktor og ein FBC gråvinge vil kunne ver svært vanskelig å skille.
Lysvinge og gråvinge, sjå: https://www.norsk-undulatklubb.no/genetikk-mutasjon/recessiv-arv-mutasjonar/
Parringsskjema
- FBC x FBC= 50% FBC, 25 % gråvinge, 25 % lysvinge
- FBC x lysvinge= 50% FBC, 50% lysvinge
- FBC x gråvinge= 50% FBC, 50% gråvinge
- FBC x normal/gråvinge= 25% FBC, 25% gråvinge, 25% normal/ gråvinge, 25% normal/lysvinge
- FBC x normal/lysvinge= 25% FBC, 25% lysvinge, 25 normal/lysvinge, 25% normal/gråvinge
- Gråvinge x lysvinge = 100% FBC
- Gråvinge x normal/lysvinge= 50% FBC, 50 % normal/gråvinge
- Lysvinge x normal/gråvinge= 50% FBC, 50 normal/lysvinge
- Gråvinge/skyggevinge x lysvinge/skyggevinge= 25% FBC, 25% gråvinge/skyggevinge, 25% lysvinge/skyggevinge, 25% skyggevinge
- FBC gråvinge, tilleggsmutasjon opalin
- FBC gråvinge, tilleggsmutasjon; opalin
- FBC gråvinge. Tilleggsmutasjonar; gulmaske opalin
- FBC gråvinge, tilleggsmutasjon gulmaske opalin
- Gulm. violkobolt FBC. Foto: C. Kongerslev
- Himmelblå opalin FBC. Foto. C. Kongerslev
- Gråvinge i front, FBC bak. Foto: C. Kongerslev
- Gråvinge øverst, FBC nederst. Foto: C. Kongerslev