Recessive mutasjonar/arv.
I denne gruppa finn vi danskbroka (db), brunvinge ( eng. fallow), lysvinge, gråvinge og skyggevinge.
Recessive mutasjonar kan *gøyme* bak den dominante mutasjonen å lage overraskingar i kassa. Her er det ikkje nok at kun den eine forelderen er det synleg eller ber det skjult. Her MÅ genet kome inn frå begge foreldra, slik vi skal kunne greie å sjå det. Når det er synleg, blir også kalla dobbeltfaktor.
Set du eit recessivt gen i lag med nokon som ikkje har tilsvarande gen, vil alle ungane få ein allel av dette genet, altså enkeltfaktor og det legg seg som skjult igjen.
DANSKBROKA (db)
Store delar av fuglen er enten gul eller kvit. Kroppsfargen skal helst vere på nedre del av brystet, buk og underrygg med ei distinkt horisontal delingsslinje mellom det gule/kvite og kroppsfargen. Idealet er at fargen skal ligge som eit breidt belte rundt den nederste delen av fuglen. Ovanfor beltet skal den ver rein kvit eller gul. Vingane har mørke plettar med bølgeteikningar som er uregelmessige i utbredelse, men dei svarte teikningane skal ikkje dekke meir enn 10-20% av vingen. Ofte ser ein at hoer har meir teikningar både på kroppen og vingane enn det ein hanne har.
Der australskbroka skal ha ein tydeleg markert nakkeflekk, har danskbroka lite teikningar i hovudet og nedetter nakken. Men dei skal ha bølgeteikningar rundt auget, om enn uregelmessig, og på issen. Krona skal ver fri for bølgeteikningar. Ein vanleg feil er teikningar heilt fram til vokshuda.
Halefjør og slagfjør skal ver gul/kvit. Svært få danskbroka har dei regelmessige teikningar/utbredelse av farge.
Der dei aller fleste mutasjonane som er vanleg i Noreg har synleg kvit irisring, har danskbroka mørk irisring og vi oppfattar auget som heilt svart. Vokshuda til hannane vil heller aldri bli blå, men ha ein rosalilla farge heile livet.
Ofte kan ein ikkje sjå om ein fugl er splitt for eit gen. Danskbroka har eigenskapen med å kunne sette eit lite teikn for splitten. F.eks kan ein normalteikna få 3-4 lyse fjør i bakhovudet som eit teikn på den ber på genet.
Som hos andre recessive mutasjonar, bør ein ikkje sette i lag to danskbroka, då det går ut over størrelse og kvalitet.
Kroppsfarge: uregelmessige plettar med kroppsfarge på nederste del av kroppen
Bølgeteikningar: tilfeldig og uregelmessig mønster, flekkvis på kinn, rundt auger, litt i bakhuvud og nakke samt vingar. Teikningane skal ikkje dekke meir enn 10-20% av det totale vingeområdett.
Vokshud: rosalilla hos hannar, blåkvit-brun hos hoer
Auger: svarte utan synleg kvit irisring
Kinnplettar: viol til sølvaktig blå, eller ein kombinasjon. Grå til sølvaktig hos grå og grågrøne
Spottar: ingen krav om spottar
Nebb: oransje
Slagfjør: gule eller kvite
Halefjør: gule eller kvite
Føtter: rosa/hudfarga
Recessiv arv
db x db = 100% db
normal x normal/db = 50% normal, 50% normal/db
db x Normal = 100% Normal/db
db x Normal/db =50% db , 50% Normal/db
Normal/db x Normal/db = 50% Normal splitt db , 25% db, 25% Normal
Klikk på biletet for større bilete.
BRUNVINGE ( fallow)
Det finnes to ulike typar brunvingar. Den kontinentale og den engelske. Den mest vanlege her i landet er den kontinentale, men den engelske har også forekome.
Ulikehitene går på augene. Den kontinentale har raude-plommefarga auger med kvit irisring, den engelske har raude-plommefarga auger utan synleg irisring. Den engelske har også litt svakare kroppsfarge og teikningar.
Om ein blandar desse to typane, vil ein få normale fuglar med svarte auger.
Desse er også ein type fugl som blir mindre om ein set i lag to som er synleg brunvingar, slik som hos andre recessive mutasjonar. Ein bør inn med ein nt/brunvinge, eller to splittar.
Som nemnd er augene raude-plommefarga. Utbredelse av bølgeteikningar er som ein normalteikna, men fargen er meir brungrå og slagfjørene er lys grå. Kroppsfargen er nedbleika i forhold til ein normalteikna. På lik linje med Texas Clearbody, vil den lysaste fargen ver øverst oppe på brystet, og den djupaste fargen er nede på buken og oppe på gumpen.
Brunvinge let seg blande med andre mutasjonar. Skulle det kome ein isabell brunvinge, vil ein lett kunne forveksle det med ein lacewing. Isabell trekker også kroppsfargen ned og gjer bølgeteikningane brunare og vi vil sitte igjen med ein fugl som nesten ikkje har kroppsfarge igjen, raude auger og kanelbrune teikningar.
Kroppsfarge: Redusert kroppsfarge mot ein normalteikna. Mest redusert oppe på brystet, djupast farge nedover buk og på gump.
Bølgeteikningar: Samme utbredelse som ein normalteikna
Vokshud: rosalilla hos hannar. Blåkvit-brun hos hoer
Auger: raud med kvit irisring ( kontinental). Raud utan synleg iris hos engelsk brunvinge
Kinnplettar: viol. Grå hos grå og grågrøn
Spottar: Brungrå
Slagfjør: brungrå
Halefjør: blågrå med brun fjørpenn. Brungrå med brun fjørpenn hos grå og grågrøn
Føtter: rosagrå
Parringsskjema:
brunvinge x brunvinge = 100% brunvinge
normal x normal/brunvinge = 50% normal , 50 % normal/brunvinge
brunvinge x normal = 100% normal/brunvinge
brunvinge x normal/brunvinge = 50% brunvinge , 50% normal/brunvinge
normal/brunvinge x normal/brunvinge = 50% normal/brunvinge , 25% brunvinge, 25% normal
Trykk på biletet for større bilete
LYSVINGE, GRÅVINGE, SKYGGEVINGE (og FULL BODY COLOUR GREYWING)
Melanin er eit fargestoff som styrer fargen på undulaten. (den gule fargen blir ikkje styrt av melanin). Ein vanlig normalteikna har full produksjon av melanin. Det finnes også dei som har meir eller mindre produksjon av melanin. Vingeteikningar og kroppsfarge er avbleika i forhold til den normalteikna.
Dette gjeld skyggevinge, gråvinge, lysvinge, samt FBC gråvinge. FBC gråvinge er ein kombinasjon av gråvinge og lysvinge.
Desse har blitt gruppert i forhold til i kor stor grad nedbleikingsgenet påverkar fargen i fjørene, både bølgeteikningar, kroppsfarge og kinnplettar.Dei har sine kjenneteikn i forhold til kva gruppe dei tilhøyrer.
Mutasjonar som har dette nedbleikingsgenet, kan få eit modifikasjonsgen som blir kalla mørkvingefaktoren. Mørkvingefaktoren arvar dominant. Denne mørkvingefaktoren går inn å påverkar den grå fargen på spottar, bølgeteikningar og halefjør og gjer gråfargen mørkare.
LYSVINGE
Lysvinge med lys grå bølgeteikningar, ala skyggevingen, kinnplettar opp mot det ein nt har og omtrent ikkje nedbleika i kroppsfarge. I utstillingssamenheng skal ikkje kroppsfargen ver under 90% i fargestyrke. Men, vi finn lysvingar som har berre ca. 75% av fargeintensiteten til ein normalteikna.
Likeeins finn vi lysvingar med markeringar på vingane. Det er heller skjeldan å sjå dei som omtrent ikkje har markeringar.
Lysvinge er også eit viktig innslag i fleirmutasjonen rainbow. Sjå: https://www.norsk-undulatklubb.no/genetikk-mutasjon/kombinerte-mutasjonar/
Får ein lysvinge modifikasjonsgenet, vil spottar, bølgeteikningar og halefjør anta ein mørkare gråfarge, ala det ein gråvinge har.
Ein FBC gråvinge har gråvingen sine grå bølgeteikningar og lysvingen sin fargesterke kropp og nesten identiske kinnplettar til lysvingen. Kun antydningsvis lysare. Forskjellen på ein lysvinge med mørkvingefaktor og ein FBC gråvinge vil kunne ver svært vanskelig å skille. Sjå: https://www.norsk-undulatklubb.no/genetikk-mutasjon/kombinerte-mutasjonar/
Kroppsfarge: Minimum 90% av ein fullfarga undulat (i utstillingssamanheng)
Bølgeteikningar: lys grå med utbredelse som hos nt.
Vokshud: Blå hos hannar. Blåkvit-brun hos hoer
Auger: svart med kvit irisring
Kinnplettar: viol,- grå hos grå og grågrøn
Spottar: fråverande eller svakt synleg lys grå.
Vingar:lyse og fri for teikningar.
Slagfjør:grå/kvit
Halefjør: nøytral eller med svak antydning til kroppsfarge
Føtter: blå/grå
Parringsskjema
Normal x lysvinge= 100% normal/lysvinge
Normal x normal/lysvinge= 50% normal, 50% normal/lysvinge
Normal/lysvinge x lysvinge= 50% normal/lysvinge, 50% lysvinge
Normal/lysvinge x normal/lysvinge= 50% Normal/lysvinge, 25% lysvinge, 25% Normal
lysvinge x lysvinge= 100% lysvinge
Nb! Lysvinge er dominant for skyggevinge, men *lik verdi* med gråvinge
Gråvinge x lysvinge= 100% FBC gråvinge
Lysvinge x skyggevinge = 100% lysvinge/skyggevinge.
Lysvinge/skyggevinge x gråvinge/skyggevinge= 25% FBC, 25% Gråvinge/skyggevinge, 25% Lysvinge/skyggevinge, 25% Skyggevinge
Normal/ lysvinge x normal/skyggevinge = 25% Normal, 25% Normal/lysvinge, 25% Normal/skyggevinge, 25% Lysvinge/skyggevinge
Klikk på biletet for større bilete.
GRÅVINGE
Gråvingen som har som regel den mørkaste gråfargen på bølgeteikningane, men ikkje alltid. Dei kan også opptre med ein lys gråfarge. Kroppsfargen er i fargestyrke ca 50 % ideelt sett, av ein nt i utstillingssamanheng. Men det er ikkje uvanlig at dei har svakare eller sterkare kroppsfarge. Kinnplettar er rekna for å ver lys blå-viol og er midt mellom skyggevingen og lysvingen.Halefjørene er også mørkare grå enn det skyggevinge og lysvinge skal ha, med blåskjer. Grå og grågrøne har ikkje blåskjeret på halefjørene.
Mørkvingefaktor; Skjer dette f.eks hos ein skyggevinge med ein litt sterk kroppsfarge, kan den lett forvekslast med ein gråvinge. Kinnplettane er referansepunktet ein sit igjen med, samt dei har litt smalare bølgeteikningar enn det ein gråvinge har.
Kroppsfarge: ca 50% fargestyrke/djupne av det ein nt har i samme farge.
Bølgeteikningar: grå teikningar med utbredelse som ein nt.
Vokshud: blå hos hannar. Blå-kvit-brun hos hoer
Auger: svart med kvit irisring
Kinnplettar:lys blå-viol. Lys grå hos grå og grågrøne
Slagfjør:grå med antydning til gult eller kvitt på kanten
Halefjør:grå med blått skjer. Grå hos grå og grågrøne
Føtter:blågrå spragla
Recessiv arv (må ha genet inn frå begge foreldra, unntak gråvinge x skyggevinge)
Normal x gråvinge= 100% normal/gråvinge
Normal x normal/gråvinge= 50% normal 50% normal/gråvinge
Normal/gråvinge x gråvinge= 50% normal/gråvinge, 50% gråvinge
Normal/gråvinge x normal/gråvinge= 50% Normal/gråvinge, 25% gråvinge, 25% Normal
Gråvinge x gråvinge= 100% gråvinge
Nb! Gråvinge er dominant for skyggevinge, men *lik verdi* med lysvinge.
Gråvinge x lysvinge= 100% FBC gråvinge
Gråvinge x skyggevinge = 100% gråvinge/skyggevinge.
Gråvinge/skyggevinge x lysvinge/skyggevinge= 25% Full-body-color greywing, 25% Gråvinge/skyggevinge, 25% Lysvinge/skyggevinge
25% Skyggevinge
Normal/ gråvinge x normal/skyggevinge = 25% Normal, 25% Normal/gråvinge, 25% Normal/skyggevinge, 25% Gråvinge/skyggevinge
Klikk på biletet for større bilete
SKYGGEVINGE
Skyggevinge er avbleika i størst grad, både kroppsfarge, kinnplettar og bølgeteikningar samt halefjør. Sjølv om ideelt sett ein skyggevinge bør ha kroppsfargen nedbleika slik vi berre svakt kan sjå den opprinnlege fargen, kan dei også ha sterk kroppsfarge. Opptil 50% av det ein nt har. (WBO)
Mørkvingefaktor; Skjer dette f.eks hos ein skyggevinge med ein litt sterk kroppsfarge, kan den lett forvekslast med ein gråvinge. Kinnplettane er referansepunktet ein sit igjen med, samt dei har litt smalare bølgeteikningar enn det ein gråvinge har.
Kroppsfarge: Nedbleika til vi ser kun ein streif igjen av opprinnleg farge til opp mot 50% av fullfarga.
Bølgeteikningar: Lys grå bølgeteikningar
Spottar: lys grå
Kinnplettar: bleik blå til bleik viol. Hos grå og grågrøne, bleik grå
Vokshud: blå hos hannar, kvit-blå til brun hos hoer
Auger: svart med kvit irisring
Slagfjør: bleikgul hos grøne, kvitaktig hos blå over til lys grå.
Halefjør: bleikgul hos grøne, kvitaktig hos blå over til lys grå. Gråkvit til lys grå hos grå.
Føtter: rosa med gråblå felt, blågrå spraglete hos grå og grågrøne
Parringsskjem (må ha genet inn frå begge foreldra)
Normal x skyggevinge= 100% normal/skyggevinge
Normal x normal/skyggevinge= 50% normal, 50% normal/skyggevinge
Normal/skyggevinge x skyggevinge= 50% normal/skyggevinge, 50% skyggevinge
Normal/skyggevinge x normal/skyggevinge= 50% Normal/skyggevinge, 25% skyggevinge, 25% Normal
Skyggevinge x skyggevinge= 100% skyggevinge
Nb! Skyggevinge er recessiv for gråvinge og lysvinge.
Gråvinge x skyggevinge = 100% gråvinge/skyggevinge
Lysvinge x skyggevinge= 100% lysvinge/ skyggevinge.
Klikk på biletet for større bilete.