Gul og gullmaske

GUL og GULLMASKE

Ufullkomen dominant;  forskjell mellom enkelt og dobbeltfaktor.

Det er to *stoff* som styrer fargane. Det eine er melanin. Det stoffet lagar den svarte, grå, brune og blå fargen. Ein normalteikna fugl har den full produksjon av melanin. I motsatt ende så har vi f.eks. albino. Den har ingen produksjon av melanin, har mista all farge og er berre kvit. Imellom desse har vi t.d. skyggevingar, isabell, gråvingar osv., med varierande grad av melaninproduksjon på vingar og kropp.

Det andre fargestoffet heiter psittacin. Det er den gule fargen. Det gule som gjer at ein fugl blir grøn.

Melanin og psittacin blir produsert på ulike plassar og er ikkje avhengig av kvarandre.  Det gjer sitt til at vi kan få ein knall gul fugl, som t.d. ein lutino, sjølv om alt anna av farge/teikningar er vekke. Det samme gule fargestoffet, er det som også sørgar for dei ulike gule maskene på blå (eller grå) fuglar.  Det betyr at sjølv om vi t.d. har gullmaske skyggevinge, som har liten produksjon av melanin, så vil ikkje det påverke gulfargen i gullmaska.

Gulmasker opptrer på det som vi ser på som ein blå fugl. Vi omtalar ikkje ein grøn fugl som gulmaske grøn. Frå naturen av, er undulatar grøn.

Vi har ikkje eit utal ulike gulmasker. Faktisk kun nokre få. Dei har ei bestemt mengde gulproduksjon og dei har eit mønster i arv.

 

Inndelinga pr. i dag er;

Gulmaske 1:  blir beskrive som ein lys sitrongul farge. I ef. vil den holde seg i hovud/maske og så kan det ver antydning til lys gul farge ved slagfjører og halefjør. Dette er typen som ikkje gradvis får *søl* utover heile kroppen (Eit svakt lett slør kan forekome når dei har vore igjennom nokre fellingar).

I df., vil maska sjå kvit ut. Fuglen har ikkje noko gult på seg som auga våre greier å oppfatte.

Får to blå ( grå) fuglar med kvit maske ungar som alle har gul maske, er eine forelderen gulmaske 1 i df og alle ungane er ef gulmaske 1.

 

Klikk på biletet for større bilete

 

 

 

Gulmaske 2.  I ef. (enkeltfaktor) greier fuglen å produsere litt sterkare gulfarge enn det ein gulmaske 1 gjer. Når vi får ein i ef, så vil gulfargen etterkvart spre seg utover heile kroppen. Hovud, vingar, halefjør og det vil også påverke sjølve kroppsfargen. Men, den er ikkje så sterk at fuglen ser skikkelig grøn ut. Veit vi f.eks. korleis ein normalteikna lys grøn fugl ser ut, og vi har ein himmleblå normalteikna fugl med gulmaske 2 i ef, vil vi tydelig sjå forskjell på fargen. Den er ein slags blågrøn farge. Tenk vannfargebad i ein litt uttynna gul farge, som ikkje dekker så godt.

Når vi får fuglen i df. (dobbeltfaktor), vil det gule trekke seg opp mot hovudet og maska. Blåfargen trer fram på kroppen igjen. Så vil vi kunne sjå litt gult på slagfjører og hale. Det er lett å ta feil å tru dette er ein gulmaske 1 i enkeltfaktor. (Eit lett slør av gult utover kroppen kan forekome).

Ein fugl i av denne typen i df., vil i lag med ein blå fugl med kvit maske, gi det gule vidare i ef. til samtlige ungar. I ef. glir det gule utover heile fuglen etterkvart.

 

Klikk på biletet for større bilete

 

Gullmaske. 

Forskjellen frå gulmaske 2 til gullmaske, er intensiteten i gulfargen. Her greier fuglen å produsere såpass sterk gulfarge at den ligg nært opp den gule fargen på ein grøn fugl.

I ef. sklir det gule utover heile fuglen etterkvart som den veks til, og når gulfargen er såpass sterk, kan vi lett forveksle fuglen med ein grøn, dersom vi ikkje kjenner til bakgrunnen.

I df. vil den sterke gulfargen trekke seg mot hovudet og maska og vi ser blåfargen på fuglen.  Det vil bli litt gulfarge igjen på slagfjører og hale. Som vi igjen kan forveksle med ein df gulmaske 2.

Ein gullmaske i df. vil i lag med ein blå med kvit maske, gi gullmaske i ef. til alle ungane. Akkurat som hos gulmaske 2 i df. (Eit lett slør av gult utover kroppen kan forekome).

Ein blå fugl med kvit maske (og god tid!) vil kunne gi svar på kva slags gulmaske fuglen har, om den er nokon av dei oppgitte, eller om den er ei god blanding og vi ikkje veit.

 

Klikk på biletet for større bilete

 

 

Tabell for arv:

Ef= enkeltfaktor  Df = dobbeltfaktor

Gulmaske 1

Ef. gulmaske 1 x ef gulmaske 1= 25%  df. gulmaske 1, 50% ef. gulmaske 1, 25% blå (utan gulmaske)

Ef. gulmaske 1 x blå=50% ef. gulmaske 1, 50% blå

Df. gulmaske 1 x blå= 100% ef. gulmaske 1

Df. gulmaske 1 x df gulmaske 1= 100% df gulmaske 1

 

Gulmaske 2 

Df. gulmaske 2  x df. gulmaske 2 = 100% df gulmaske 2

Df. gulmaske 2  x blå= 100% ef. gulmaske 2

Df. gulmaske 2 x ef. gulmaske 2 = 50% df. gulmaske 2, 50% ef. gulmaske 2

Ef. gulmaske 2 x ef. gulmaske 2= 25% df. gulmaske 2, 50% ef. gulmaske 2, 25% blå

Ef. gulmaske 2  x blå = 50% ef. gulmaske2, 50% blå

 

Gullmaske, likt oppsett som hos gulmaske 2

——————————————

Notat.

Ein grøn kan i lag med ein blå, få blå ungar der alle har ei av dei oppgitte gulmaskene.  Dette fordi på eit gen er det to allelar.  Eit par gir frå seg ein allel kvar til ungen, slik den til saman har to.

Ein grøn ikkje kan ver splitt for både blå (ingen gulproduksjon) og gulmaske (delvis produksjon).  Men, ein grøn kan ver splitt gulmaske.

 

Utfordringar.

Når det er snakk om samme *stoff* som lagar gulfargen, så kan vi koble dei ulike gulmaskene saman og det kan kome mellomting som er hverken det eine eller det andre. Det gule oppfører seg ikkje etter *i boka* og vi kan ikkje forutsei korleis fargen vil spreie seg, eller kor sterk den blir i vidare arv.