Dominant/ufullkomen dominante mutasjonar

DOMINANTE MUTASJONAR

Dei mest vanlege vi har her i landet er normalteikna (NT), australskbroka (AB), spangle, Hollandskbroka (HB) og dansk dominant (DD).

Dominante mutasjonar vil alltid vise på fuglen. ( unnateke hos inoar ) og dei kan ikkje bere genet skjult,- kalla splitt.

Innanfor dei som er dominante, er det nok at ein av foreldra er det for å bringe det vidare til nokon av ungane.

Innan dei dominante mutasjonane, har vi også ei gruppe som går under ufullkomen dominant arv.. 

Dette betyr at utsjåande forandrar seg frå enkeltfaktor til dobbeltfaktor. Dette gjeld spangle, australskbroka og dansk dominant.

Normalteikna forandrar ikkje utsjåande. Heller ikkje hollandskbroka.

 

Ein feil som det går igjen på dei fleste mutasjonane som har teikningar og farge, er det vi kallar opalinisering. Sjå bilete under normalteikna. 

Dette betyr ikkje at fuglen er opalin, men at den får kroppsfargen mellom bølgeteikningane på rygg osv., der den egentlig skal ver gul på grøne fuglar og kvit hos blå fuglar.

 

NORMALTEIKNA (NT)

Den opprinnlege undulaten kjem frå Australia og av farge er den lys grøn.

Teikningsmønsteret den har på hovud, nakke og vingar er det ein kallar normalteikna, som gjenspeglar det den er frå naturen av. Kroppsfargen er sterk, utan innslag av lyse parti. Vi kallar den fullfarga.

Vi vil også kunne finne eit og anna sporadisk innslag av fuglar som har ein anna mutasjon ute i naturen også, men på grunn av dei store mengdene med normalteikna, som også arvar dominant, får ein ikkje noko stor spreiing av dei andre. Forkorta sei vi enten berre lys grøn eller Nt lys grøn.

Ordet mutasjon betyr endring i arvestoffet. Hos alle andre type undulatar har det skjedd ei lita endring i arvestoffet frå den opprinnlge nt lys grøne og vi har dermed fått fleire mutasjonar og/eller fargar.

I den grøne serien finn vi: lys grøn, mørk grøn, olivengrøn. I den blå seien finn vi: himmelblå, kobolt og mauve.

Vi har også normalteikna grågrøne og grå undulatar. Grå er ikkje ein eigen farge, men blir rekna som ein faktor. Den kan kombinerast med alle blåfargane og vil framstå som visuell grå. Kombinert med ein grøn, uansett grønfarge, ser vi fuglen som grågrøn.

Viol er også ein faktor, men den *dekkjer* ikkje like godt som den grå. Den let seg kombinere med alle dei tre grønfargane og alle dei tre blåfargane og vil gi fuglen ein djupare farge enn den opprinnlig er.

Auger: svarte med kvit irisring

Vokshud: blå hos hannar, vanligvis kvit-blå til brunleg hos hoer

Spottar: svarte

Maske: kvit hos blå undulatar, smørblomstgul hos grøne

Kinnplettar: djup violblå.Lysare blågrå hos grågrøne og grå.

Teikningar: svarte tette bølgeteikningar. Regelmessig mønster frå isse, nedover nakke, rygg og heile

Vingar: Gul farge mellom vingeteikningane hos den grøne og kvit farge hos den blå.

Kroppsfarge: fullfarga i blått eller grønt

Bein/føtter: hudfarga med blåskjer

Halefjør: mørke med tydelig innslag av mørk blåskjer. Svart hos grå og grågrøn

Arvegangen er dominant og den dominerar over samtlege andre vingeteikningar.

 

Parringsskjema.

Nt han x nt ho = 100% nt ungar.

 

Trykk på biletet for å få stort bilete. 

 

 

 

HOLLANDSKBROKA ( HB)

Dominant arv

Der australskbroka oftast har ryddig mønster og symmetri, både på kropp og bølgeteikningar, danskbroka sine flekkvise teikningar og mønster, er hollandskbroka den som har størst spennvidde mht. teikningar på vingar og kropp. Den kan framstå alt frå som ein nt til tilnærmelselik ein db.

I litteraturen blir det ofte skriven som to typer hollandskbroka. Genetisk er det den samme. Utsjåande er ulikt.

Den ideelle, omtala som lysslagfjøra, skal ha lyse slagfjør, helst alle sju. Halefjørene skal også ver lyse og dei skal ha nakkeflekk, omtrent så stor som ei ert. Kinnplettane har ala samme farge som ein normalteikna.

Den andre typen går under hollandskbroka og er fuglane som har det uregelsmessige mønsteret. Kanskje har den berre ei lys slagfjør, ei lys halefjør eller flekkvise teikningar på vingar og kropp, nesten som ein danskbroka. Nakkeflekken kan omtrent mangle heilt, eller den kan ver så stor at den går som eit band rundt halsen og dannar ei lys smekke øverst på brystet. Variasjonane er mange.

Hannane har blå vokshud og dei har synleg kvit irisring. Det kan skje dei har synleg irisring på eine auga og den andre auga ser svart ut. Ein trur dette kan skje hos dei hollandskbroka som er splitt danskbroka. Det er ingen forskjell utajåandemessig på ein enkeltfaktor og ein dobbeltfaktor.

Hollandskbroka og danskbroka er to viktige mutasjonar for å kunne få fram svartaugd, på engelsk Dark Eyed Clear.

Dette er ein heilt gul eller kvit fugl med svarte auger uten synleg irisring. Vokshuda til hannar blir rosalilla heile livet, medan hoer har blåkvit til brun vokshud.

Kroppsfarge: fargestyrke som nt. Lysslagfjøra; maksimalt 50% av den totale kroppsfargeområdet skal ver lyst/ha flekkar og dei lyse flekkane skal ver begrensea til den øvre delen av kroppen.

Teikningar: svart. Lys nakkeflekk. Regelmessige teikningar på vingar hos lysslagfjøra. Svarte uregelmessige teikningar hos hollandskbroka.

Kinnplettar: farge som nt, sølvfarga eller ein kombinasjon

Auger: svart med kvit irisring,

Vokshud: blå hos hannar. Blåkvit-brun hos hoer

Spottar: svarte

Slagfjør: lyse hos lysslagfjøra. Stor variasjon hos hollandskbroka

Halefjør: lyse hos lysslagfjøra. Variasjon hos hollandskbroka.

Føtter: blågrå spraglete, roasaktig eller ein kombinasjon.

 

Parringsskjema

Dominant arv

Hb (e.f.) x Normal = 50% Hb(e.f) og 50% Normal

Hb (d.f.) x Normal= 100% Hb (e.f.)

Hb (e.f.) x Hb (e.f.) =25% Hb (d.f.), 50% Hb (e.f.) og 25% Normal

Hb (e.f.) x Hb (d.f.)= 50% Hb (e.f.) og 50% Hb (d.f.)

Hb (d.f.) x Hb (d.f.)= 100% Hb (d.f.)

 

Trykk på biletet for å få stort bilete

 

 

AUSTRALSKBROKA ( ab)

Ufullkomen dominant.

Ufullkomen dominant arv er at fuglen forandrar utsjåande i enkeltfaktor til dobbeltfaktor.I dobbeltfaktor vil den miste mykje av kroppsfargen og den vil ikkje ha det tydelege bandet litt nede på bringa, slik dei skal ha.

Det vil også påverke bølgeteikningane frå hovudet og til vingane, der bølgeteikningane kan opptre berre sporadisk, utan fast mønster. Som ungar kan ein australskbroka i dobbeltfaktor kunne forvekslast med ein danskbroka.

Vanlege feil på ein australskbroka er svarte halefjør. Innslag av svart på slagfjørene, manglande spottar og uregelmessig mønster frå brystet og nedover.

Kroppsfarge: -rein kroppsfarge som hos nt, men med eit tydelig band i kvit eller gul farge tvers over bringa, like ovanfor låret. Band og evt kvite eller gule flekkar skal ikkje utgjer meir enn maksimalt 50 prosent av kroppen.

Maske: -rein gul eller kvit, uten innslag av svart oppe på krona.

Nakkeflekk: -gul hos grøne fuglar, kvit hos blå

Bølgeteikningar: -kinn, bakhovud, nakke og vingar, ( sjå slagfjører ) svarte tette bølgeteikningar som hos den normalteikna ( men med nakkeflekk)

Vokshud: -blå hos hannar, kvit-blå til brunleg hos hoer.

Auger: -svart med kvit irisring

Kinnplettar: -viol. Gråblå hos grå og grågrøn

Slagfjør: -gul hos grøne og kvit hos blå

Halefjør: -gul hos grøne og kvit hos blå ( også hos grågrøne og grå)

Føtter: – blågrå spragla til rosa eller ein kombinasjon av desse.

 

Parringsskjema

EF = enkeltfaktor. DF = dobbeltfaktor.
EF ab x Nt = 50% EF ab, 50% Nt
EF ab x EF ab = 50% EF ab, 25% Nt, 25% DF ab
DF ab x Nt = 100% EF ab
DF ab x EF ab = 50% DF ab, 50% EF ab
DF ab x DF ab = 100% DF ab

 

Trykk på biletet for stort bilete

 

SPANGLE

Ufullkommen dominant arv

Spangle oppstod for første gong i Australia på 1970 talet og i 1977 blei mutasjonen for første gong presantert på ei utstilling i Melbourne. I 1979 blei den importert til Europa og i løpet av det neste tiåret, spreidde den seg rundtomkring i verda.

Spangle sitt kjenneteikn er bølgeteikningane. Dei er som tynne strek og kun den ytterste kanten igjen av ein normalteikna sine bølgeteikningar. Kantane skal ver skarpt teikna/tydelig markert og ikkje blass/utviska, slik mange har ein tendens til å bli.

Spangle skal ha spottar, runde,som smultringar, der dei er kvit eller gul i midten, men mange manglar spottar eller har berre nokre tynne strek der spottane skal ver.

Det har lite hensikt å blande spangle med andre mutasjonar som påverkar teikningane, slik bølgeteikningane blir endå meir redusert i fargen, eller tek vekk særpreget som spangler har.

I dobbeltfaktor forandrar fuglen utsjåande og blir enten rein gul eller rein kvit.

Den kan forvekslast med ein Dark eyed clear, men spangler har irisring og vokshuda hos hannar er blå og ikkje lilla som hos DEC.

Spangler kan også forvekslast med Dansk Dominant ( melanistic spangle) Og ein bør ikkje blande desse to mutasjonane. DD har langt kraftigare/breiare teikningar og spottane skal ver heile runde som hos normalteikna.

 

Bølgeteikningar:  kvit eller gul heilt ytterst på kanten og like innafor ein tynn veldefinert svart                strek/bue. Det skal ikkje ver innslag av kroppsfarge mellom markeringane.

Kinnplettar: – varierer fra viol, viol med litt kvitt i, eller helt kvite. (evt gråblå hos grå og grågrøne undulatar.

Halefjør: dei to midterste halefjørene skal vere lyse

Auger: -svarte auger med kvit irisring

Vokshud: Blå hos hannar, variasjonar frå kvitaktig til brun hos hoer.

Føtter: blå/grå, rosa eller ei blanding av begge

Spottar: 3 spottar på kvar side, som er runde med lyst senter.

 

I dobbeltfaktor er fuglen heilt gul eller heilt kvit,- teikningane er vekke, opprinnlig farge og evt tilleggsmutasjon er dekt over.
-vinge og halefjør som regel litt lysare enn kroppsfargen ( i den grøne linja)
-kinnplettane er kvite, -ingen antydning til spottar
-vokshuda hos hannar er blå, hos hoer som regel brun.
Det skal ikkje ver gjennomslagsfarge av blått eller grønt.

 

Parringsskjema. 
EF = enkeltfaktor. DF = dobbeltfaktor

EF spangle x Normal = 50% EF Spangle, 50% Normal
EF spangle x EF Spangle = 50% EF Spangle, 25% Normal, 25% DF Spangle
DF Spangle x Normal = 100% EF Spangle
DF Spangle x EF Spangle = 50% DF Spangle, 50% EF Spangle
DF Spangle x DF Spangle = 100% DF Spangle

DF Spangle x normal = 100% EF Spangle

 

Klikk på biletet for større bilete

 

Dobbletfaktor spangle

 

DANSK DOMINANT ( DD)

Ufullkommen dominant arv

Dansk Dominant oppstod i Danmark i 1995 og den blei stilt på utstilling i 2005 for første gong og godkjend som eigen mutasjon i 2006. 

Det oppstod liknande mutasjonar i Australia, Israel og England omtrent samtidig på 90 talet. Den liknar på spangle, men har kraftigare markerte bølgeteikningar og spottane er runde og heile, som ein normalteikna. I og med den forandrar utsjåande i dobbeltfaktor, er arven ufullkomen dominant.

Foreløpig er kun DD i enkeltfaktor godkjend som mutasjon I WBO, -ikkje dobbeltfaktor. 

I dobbeltfaktor har den ingen teikningar, som gir gule eller kvitt eller gult hovud, nakke og vingar, samt halefjør og slagfjører. Vi skal sjå kroppsfargen tydelig. Den skal ver minst 50% i fargestyrke, helst nesten fullfarga.

 

Kroppsfarge: minst 50% av styrken til ein NT, helst like sterk som ein NT

Spottar: – svarte, heile runde, som nt

Kinnplettar: -violett, blågrå hos grå og grågrøne

Vokshud: -blå hos hannar, kvitblå-brunleg hos hoer.

Auger: -svarte med kvit irisring

Bølgeteikningar: -bakhovud og nakke som nt, med tette svarte bølgeteikningar. På vingane åpne teikningar, som gjer fjørene gul eller kvit, der dei har kraftige svarte markerte teikningar nesten ytterst på fjører og slagfjører.

Halefjør: -kvit eller gul med antydning til teikningar ved fjørskaftet.



Dobbeltfaktor

Kroppsfarge; -minst halv intensitet av en normalteikna

Vingar og slagfjør: -lys gul hos grøn, kvit hos blå

Halefjør: -lys gul hos grøne, kvite hos blå

Kinnplettar; -kvite

 

Parringsskjema

Ufullkomen Dominant

EF = enkeltfaktor. DF = dobbeltfaktor

EF DD x Normal = 50% EF DD , 50% Nt
EF DD x EF DD = 50% EF DD, 25% Nt, 25% DF DD
DF DD x Normal = 100% EF DD
DF DD x EF DD = 50% DF DD, 50% EF DD
DF DD x DF DD = 100% DF DD

DF DD x normal= 100% ef DD

 

Klikk på bilete for større bilete

 

Danskdominant i enkeltfaktor

 

Danskdominat i dobbeltfaktor