Fargar

Dominant arv=  vil (nesten) alltid vise på fuglen.  Unntaket er ino. Innanfor dei som er dominante, er det nok at ein av foreldra er det for å bringe det vidare til nokon av ungane. Ufullkomen dominant arv= utsjåande forandrar seg frå enkeltfaktor til dobbeltfaktor. Her gjeld dette viol og mørkfaktorar.

Recessiv arv=  kan *gøyme* bak den dominante mutasjonen å lage overraskingar i kassa. Her er det ikkje nok at kun den eine forelderen er det synleg eller ber det skjult. Her MÅ genet kome inn frå begge foreldra, slik vi skal kunne greie å sjå det. Når det er synleg, blir også kalla dobbeltfaktor.

Set du eit recessivt gen i lag med nokon som ikkje har tilsvarande gen, vil alle ungane få ein allel av dette genet, altså enkeltfaktor og det legg seg som skjult igjen.

I utstillingssamanheng er det viktig at kroppsfarge og vingeteikninar er rett i forhold til spesifikasjonane for den enkelte variant.

 

GRØN OG BLÅ

Grøn dominant arv. Blå recessiv arv.

Grøn x grøn = 100% grøn
Blå x blå= 100% blå
Grøn x Blå= 100% grøn/blå
Grøn/blå x blå = 50% grøn/blå og 50% blå
Grøn x grøn/blå= 50 % grøn og 50% grøn/blå
Grøn/blå x grøn/blå = 25% grøn, 50% grøn/blå og 25% blå.

 

I den grøne serien har vi lys grøn. Den har 0 (null) i mørkfaktor. Mørk grøn har 1 i mørkfaktor og olivengrøn har 2 i mørkfaktor.

I den blå serien har vi den lysaste som er himmelblå. Den har 0 (null) i mørkfaktor. Kobolt har 1 og mauve, den mørkaste blå,  har 2 i mørkfaktor.

 

Klikk på biletet for større bilete

Den blå serien

 

 

Den grøne serien

 

Link til WBO sin fargeguide.

http://www.world-budgerigar.org/budgerigarcolourguide.htm

 

MØRKFAKTOR

Mørkfaktor forandrar fargenyansen i fuglen.
Olivengrøn tilsvarar mauve hos dei blå og har to mørkfaktorar. (har bokstavbetegnelsen DD)
Mørkegrøn tilsvarar kobolt hos dei blå og har ein mørkfaktor. ( bokstavbetegnelse Dd)
Lysgrøn tilsvarar himmelblå hos dei blå og har ingen mørkfaktor. (bokstavbetegnelse dd)
Dette vil kunne gi ulike kombinasjonar.

 

DD+DD= 100% DD ( eks; oliven x oliven eller mauve x mauve)
DD x Dd= 50% DD og 50% Dd ( eks oliven x mørk grøn, eller mauve x kobolt)
DD x dd = 100% Dd (eks oliven x lys grøn, eller mauve x himmelblå)

Dd x Dd= 25% DD, 50%Dd og 25% dd (eks mørk grøn x mørk grøn eller kobolt x kobolt)
Dd x dd= 50% Dd og 50% dd ( eks mørk grøn x lys grøn, eller kobolt x himmelblå)
dd x dd= 100% dd ( eks lys grøn x lys grøn, eller himmelblå x himmelblå)

 

OBS. crossover mht. mørkfaktor fargen grøn-blå.

 

GRÅFAKTOR

Grå. Dominant arv.

Grå er rekna å ver ein faktor og ikkje ein sjølvstendig farge. Den opptrer både på blå og grøne fuglar.

Ser vi ein grå undulat, opptrer gråfaktoren i lag med blå, uavhengig av kva mørkfaktor den blå fuglen opprinnelig har.

Om den grå faktoren opptrer i lag med ein grøn fugl, vil vi sjå fuglen som grågrøn, også uavhengig av kva mørkfaktor den grøne har.

Døme:

  • Dette betyr at ein grågrøn/blå undulat i lag med ein blå, vil kunne få grøne, grågrøne, grå og blå ungar.  Dette forutset at den grågrøne har fått gråfaktoren som enkeltfaktor. Skulle den grågrøne fuglen i dette dømet ha gråfakotoren i dobbeltfaktor, vil ungane bli grågrøne og grå.
  • Har du  ein grøn/blå undulat og set den i lag med ein grå, som er i enkeltfaktor grå, vil det også kunne kome grøne, grågrøne, grå og blå ungar. Er den grå fuglen dobbeltfaktor grå, vil ungane bli grågrøn og grå.

Den grå undulaten har ein jamn grå farge og gråfargen forandrar seg ikkje frå enkelt til dobbeltfaktor.

Den har ei viss likheit med mauve, men fargen er rein grå utan blåskjer. Slagfjør og halefjør er djupsvarte og ikkje blålige, som hos grøne og blå fuglar. Kinnplettane skal etter standarden ver gråblå eller skifergrå.

Den grågrøne undulaten har på lik linje med den grå, svarte slagfjør og halefjør, og blågrå eller skifergrå kinnplettar. Grønfargen minner mykje om den olivengrøne undulaten.
Grå har vi både i enkeltfaktor og dobbeltfaktor.

Dersom gråfaktoren opptrer på ein isabell fugl, vil dei lange halefjørene ver brun. Både hos den grågrøne og den grå. På isabelle fuglar som ikkje har gråfaktoren, er halen gråblå av farge. Bilder kjem. 

Viol kan opptre i lag med gråfaktoren på ein og samme fugl.

 

 

Parringsskjema gråfaktor.

I skjema er det ikkje teke omsyn til om det er blå eller grøn gråfaktoren er kombinert med.

Df Grå x  df grå = 100% df grå

Df grå x ef grå = 50 % df grå, 50% ef grå

Df grå x ef grå = 100 ef grå

Ef grå x ef grå = 25 % df grå, 50% ef grå, 25 % blå eller grøn utan gråfaktor

Ef grå x grøn eller blå = 50% ef grå, 50 % grøn eller blå utan gråfaktor

 

Klikk på biletet for større bilete

 

 

 

VIOLFAKTOREN.

Ufullkomen dominant arv

Viol, som også er rekna å ver ein faktor og ikkje ein farge, opptrer på lik linje med grå, både på dei blå fuglane og dei grøne fuglane.

Violfaktoren gjer sitt til at fuglane blir mørkare i fargen. Ca. ein faktor mørkare.

Vi brukar ofte betegnelsen enkeltfaktor, ef, som tilsvarar ein mørkfaktor, og dobbeltfaktor, df som tilsvarar to mørkfaktorar om desse.

NB: Det kan ver vanskelig å skille ein himmelblå med violfaktor, frå ein kobolt. Eller ein lys grøn med violfaktor frå ein mørk grøn.
Ein stiller også spørsmål om f.eks ein himmelblå som er dobbeltfaktor viol, kan forvekslast med ein violkobolt.
Studerar ein dei lange halefjørene på nært hold, vil f.eks ein himmelblå ha ein turkis farge ved grunnen av fjøra og ein kobolt vil ver marineblå.

Desse gena arvar etter same reglar som mørkfaktoren.

 

Parringsskjema violfaktoren.

I skjema er det ikkje teke hensyn til om det er blå eller grøn violfaktoren er kombinert med

Df viol x df viol = 100% df viol

Df viol x ef viol = 50 % df viol, 50% ef viol

Df viol x ef viol = 100 ef viol

Ef viol x ef viol = 25 % df viol, 50% ef viol, 25 % blå eller grøn utan violfaktor

Ef viol x grøn eller blå = 50% ef viol, 50 % grøn eller blå utan violfaktor

 

Klikk på biletet for større bilete

 

CROSSOVER mht. fargen grøn-blå.

Formelen 1:2:1 blir brukt mht mørkfaktor, men det er ikkje alltid dette går.

Litt meir komplisert blir det med forholdet mørkgrøn/blå fuglar. Teoretisk vil ein i samansettinga mørkgrøn/blå x himmelblå forvente; 25% mørk grøn, 25% lys grøn, 25 kobolt og 25 himmelblå.

Dette skjer imidlertid ikkje fordi vi har to genotypar ( arvegang) av grøn/blå. Utsjåandemessig er dei like, men arvegangen er ulik. Desse blir kalla type I og type II.

Mørkfaktoren er vanskelig å overføre frå den grøne serien til den blå, og omvendt. I praksis opplever ein det tilsynelatandes ikkje.
Grunnen til dette er det mørke D genet for grønt ligg på det same kromosonet som B-genet.

TYPE I; der den mørkaste av foreldra er grøn. Dette får vi ved t.d å kombinere oliven x himmelblå eller mørkgrøn x himmelblå.

Eks:
Mørkgrøn/blå I x mauve=
43% kobolt, 7% mauve , 43% olivengrøn/blå I, og 7 % mørkgrøn/blå I.

Mørkgrøn/blå I x kobolt=
21% himmelblå, 25% kobolt, 3,5% mauve, 3,5 % lysgrøn/blå, 21,5 % mørkgrøn/blå I, 3,5 % mørkgrøn/blå II og 21,5% olivengrøn/blå

Mørkgrøn/blå I x himmelblå=
43% himmelblå , 43% mørkgrøn/blå I, og dei vil unntaksvis kunne gi kobolt og lysgrøn/blå. (ca7% av kvar)

For det meste vil to kobla gener bli overført i lag.
Difor vil mørkgrøn/blå I overføre den grøne fargen og koble det til D, slik at dei fleste grøne ungane vil bli mørke og dei blå lyse.

TYPE II; der den mørkaste av foreldra er blå.

Denne kjem til ved f.eks mauve x lys grøn eller kobolt x lys grøn.

Eks;

Mørkegrøn/blå II x mauve=
ca 7% olivengrøn/blå, ca 43% mørkgrøn og 43% mauve og kun 7% kobolt.

Mørkgrøn/blå II x kobolt=
3,5 % olivengrøn/blå, 21,5% lysgrøn/blå, 3,5 mørkgrøn/blå I, 21,5% mørkgrøn/blå II, 25% kobolt, 21,5 % mauve og 3,5% himmelblå

Mørkgrøn/blå II x himmelblå =
ca 43% kobolt, 43% lysgrøn/blå. Unntaksvis kan her kome himmelblå og mørkgrøn/blå I, ca 7% av kvar.

I denne koblinga veit ein å sei at mørkfaktoren er rekombinert med B-genet, og ein har fått type I ut av det.

Som hos type I vil det same skje her, men motsatt. D er kobla til blå, som fører til at dei blå ungane blir mørkare og dei grøne lysare. Desse to ulike genane vil ofte bli ført vidare frå generasjon til generasjon.