Septembernytt

Nokon har hekkesesong om våren/sommaren og andre startar opp no i september.

Vi har fått melding frå Belgia om at ringane er i rute. Det vil sei at då skal vi ha dei i hende i månadsskiftet september/oktober.

Dei blir då omgåande fordelt, lagt i konvoluttar og sendt til alle som har bestilt.

Uansett når du sett dine fuglar i hekk; måtte det bli ein god sesong.

 

Redaktøren for Tropefugl Hobbybladet, May-Linn Eliassen, jobbar på for å få eit nytt blad i trykken. Det er nok ikkje så veldig lenge før du har det i postkassa di.

Husk å gi beskjed om du har flytta og fått ny adresse.

Vi ynskjer dykk alle fine haustdagar.

Anne G Johnsen