5 mars 2021, UFS utsett

Om få dagar, er vi komen til då Noreg blei stengt ned for 1 år sidan pga. covid 19. Ingen av oss såg vel for oss dette.

Dette har også påverka oss som klubb. Styret er spreidd utover landet og vi har ikkje kunne hatt møte, årsmøte osv. og valg.

Vår spesielle arena er UFS, altså ungfuglskue. Der samlast vi alle som kan, i heile landet, til ei trivelig helg. Sosialt, utstilling og årsmøte. Som oftast er det i mai/juni. Vi er så heldige at folk frå Danmark som også er med oss.

Opprinnleg er vi fleire i styret som står på valg. Ringsalgsleiar har varsla at han går ut i mai og vi er på jakt etter ein ny. Dette må vi få kome tilbake til som eiga sak.

No står vi på ny i ein situasjon der vi rett og slett ikkje veit kva som skjer dei første månadane.

Skal vi bestille hotell, møterom og utstillingslokale? Skal vi høyre med dommerar ( ofte frå utlandet) om dei vil sette av ein dato og  bestille billettar og dei kostnadane det er?

Vaksine er i gong, samstundes som det no går ut meldingar om mutering og ei tredje bølge.

 

Difor har vi no beslutta at UFS og årsmøte, som vi hadde planlagt i slutten av mai i år, blir flytta/avlyst, -igjen. Tidspunkt på ny dato er uvisst.

 

Vi vil også minne på innbetaling av medlemskap.

Kasserar har sendt ut faktura og det er blitt sendt ut purring til dei som ikkje har gitt beskjed om opphør av medlemskap.

NTL har no gitt beskjed om dei må ha siste oppdatering av medlemslista, før nytt blad kjem i posten, slik det ikkje blir sendt til dei som ikkje har betalt.

 

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt på mail til oss.

 

Anne Grete Johnsen

Skrivar