Hekking

HEKKEMODUS

Det er ikkje berre å putte eit par i bur med kasse og forvente at det skal kome egg med ein gong.

Aldersmessig er ca. året på fuglane ein grei tommelfinger-regl når ein set dei i hekk. Nokon er klar når dei er pluss minus 10 mnd, andre igjen er det ikkje før dei godt har bikka året.

Fuglane må ver i hekkemodus. Både hoer og hannar.

Kva er hekkemodus og korleis kan ein sjå det? 

Svært mange plassar les ein at er hoa brun på vokshuda, då er ho i hekkemodus. Slik er det ikkje hos alle. Nokon blir det, medan andre igjen berre får svake svake fargeforandringar i forhold til det dei har vanligvis. Det er forandringane vi må sjå på.

Ein må også lese heile kroppspråket til fuglen. Får hoa plutselig gnagelyst og gneg på «alt»? Prøver ho å grave seg holer der ho kan finne ei lita sprekke å lage seg ei hole av? Er ho kanskje plutselig bitch mot andre hoer?

Let hoa seg varte opp av hannar? Sit ho på pinnen med svai rygg/stjerten i veret og inviterar hannar? Eller er ho veldig interessant for mange hannar og omsverma? Dette er vanlige teikn på at ho nærmar seg eller er komen i hekkemodus.

Vi har også dei som er veldig vanskelig å lese. Då kan ein også kjenne etter om ho er varm i kroppen og på føttene, når du held henne. Dette er i mange tilfelle ein indikator på moduset. Er ho kald og ikkje har andre teikn som nemnd ovanfor, er ho truleg ikkje i modus. Det med å kjenne etter temperatur på føttene, er noko fleire som driv med utstillingsfuglar kjenner til og er bevisst på.

Men, det er ikkje nok at berre hoa er i hekkemodus. Hannen må også ver det.

Ein hanne i modus er ofte knall blå ( så sant den ikkje er db, lw, svartaugd, brunvinge eller ino) på vokshuda. Han kakkar gjerne med nebbet mot litt harde og/eller blanke flater, kvitrar gjerne med ein litt anna lyd enn den vanlige kvitringa, pupillane i augene utvidar seg, slik augene blir tilnærma kvite og han nikkar med hovudet og brusar med fjørene. Han flørtar med hoene og kurtiserar dei, og får han lov, matar han dei også. Dei som er ekstra ivrig, vil gjerne prøve å klatre på ryggen til hoa/hoene for parring.     

Her igjen har vi dei hannane som er litt meir “beskjeden” der vi då kan sjekke om han er varm i kroppen og på føttene, dersom vi er usikker. Er ingen av desse teikna der med hannen, er det ikkje sikkert han er så interessert å gå i hekk akkurat då.

Å la fuglane stå i hekkebur i veke etter veke der ingenting skjer og para ikkje har interesse for kvarandre eller kassa, er lite vits i. Då kan ein ha lese fuglane feil og bomma på moduset. Eller, så kan det hende at paret ikkje har sympati for kvarandre i det heile og eit partnerbytte må til.

Skulle det ikkje nytte å byte partner har dei det betre i volieret og det er betre å prøve seinare.

 

Nokon let fuglane velge kvarandre sjølv og medan andre set bevisst saman para, eller ein kombinasjon av begge deler.

Les ein fuglane rett og dei har sympati for kvarandre, viser som regel par stor interesse for kassa i løpet av få dagar. Nokon gongar kan det ver lurt å stenge sjølve åpninga til kassa slik dei ikkje skal gå for tidleg inn. Går dei for tidleg inn i kassa, kan ein ende opp med ei blank runde på egga.

Undulatar er heimehøyrande i Australia og hekkar gjerne i samband med regntid der det er høg luftfuktigheit, god tilgang til mat og ikkje minst allsidig mat som er rik på vitamin, mineral, protein og kalcium.

Når ein har fuglar i voliere, ser ein ofte at hekkemoduset på fuglane aukar om sommaren. Sol ( D3-vitamin), regn/luftfuktighet, rik og variert kost triggar.

Dette kan vi etterlikne ei stund før vi skal ha fuglar i hekk. Nokon oppdretterar skiftar gjerne frøsort i hekketida som er kraftigare og brukar heller ein magrare type frøblanding når det er kvilemodus. Variert og vitaminrik kost, samt protein god tid i førevegen, og ei dusjeflaske er flott å dusje fuglane med nokre gongar i veka. Verre er det ikkje mht «regn». Luftfuktigheit i rommet på ca 55-60% er sett til å ver det idèelle.

Dei treng ikkje å ha det så varmt under hekkinga. Ein temperatur mellom 12 og 20 grader er heilt fint og ikkje noko problem. Viktigast er at temperaturen er stabil.

Nokon vel felleshekk for fuglane. Det kan gå bra, men fleire har også opplevd blodbad med hormonelle aggressive hoer og drepne ungar. Det er slettes ikkje alle fuglar som er monogame. Ein hanne kan godt parre seg med fleire hoer. Ei hoe kan godt parre seg med fleire hannar.

Eigne hekkebur er å foretrekke, der dei får fred og ro utan rivalisering, der begge foreldra har fokus på oppgåva si utan å måtte beskytte kassa frå andre eller at far er “ute med kompisane sine” og kurtiserar andre hoer og mor må ta mesteparten av jobben med ungane.

 

HEKKEKASSER

Det er å få kjøpt hekkekasser i ulike variantar, men alle er ikkje like godt eigna. Ein del kasser er lav opp til åpninga i kassa og nyskjerrige ungar som er komen seg til rundt 3 veker kan kome seg over kanten, bikke utfor og bli liggande på burgolvet.

Ved å bruke kasser der det er 12-15 cm opp til åpninga unngår ein dette. Fleire foretrekke å bruke kasser der ein får skifte innsatsen i tilfelle det blir fuktig i kassa.

Eit kasseskift er då gjort i løpet av nokre sekund og ein uroar minimalt det hekkande paret.

Kassene bør ha grop, slik egga ligg nokonlunde samla.

Undulatar i det fri bygg ikkje reir, men finn ei sprekke/hole som dei gneg/ryddar og lagar til slik dei vil ha det.

Ein brukar gjerne å legge inn spon/alspon i hekkekassene. Ikkje for at fuglane skal ha det lunt å ligge mjukt, men etterlikne naturen og trigge hekkelysta med at dei får rydde spon ut av kassa.

Nokon fyller mykje spon i kassene slik dei skal bruke litt tid og ikkje legge egga for tidleg, andre legg inn nokre nevar.

Det varierar frå hoe til hoe kor godt dei ryddar kassene sine. Nokon vil ikkje ha ei einaste flis liggande, medan andre let ein del ver igjen. Er det for mykje spon som ligg i gropa, kan det skje at paret ikkje rullar egga godt nok rundt, noko som er viktig for utviklinga av egga.

 

HEKKINGA

Kor mange egg undulatar legg, kan variere veldig. Nokon legg 2-3 stk, og andre kan legge både 7-8-9 stk. Det mest vanlige er rundt 5-6.

Store kull er absolutt ingenting å trakte etter. Eit kull på 5-6 ungar er nok. Kjem der mange egg i ei kasse og ein ikkje har andre par å legge over egg/ungar til, gjer mange valet i å kaste dei siste egga. Å få mest mogeleg ungar i eit kull er ikkje noko mål, ei heller å slite ut foreldra.

Det er ganske vanlig at fuglane får to runder etter kvarandre. Dette forutset at foreldra virkar friske og pigge og ikkje ser tynne og slitne ut. Det er spesielt hannen ein må passe på. Det er han som står for mesteparten av matinga av både mor og ungar og det kan skje at han ikkje har nok mat til seg sjølv.

Det er også dei hoene som legg mange egg. Både 8-9 og 10 stk. I enkelte tilfelle har det sågar vore opp i 13 egg på ei runde. Det er ikkje uvanlig at dei legg like mange eller litt fleire egg i runde nr to. Då bør ein vel sette stopp med ei runde, dersom ein har mor i tankane? Egglegging krev kalcium og tappar hoene for det.

Når fuglane ikkje skal ha fleire runder, tek ein mor ut frå buret når ungane er pluss minus 4 veker. Far greier fint å ta seg av ungane aleine den siste tida før ungane er flygeferdig. Nokon set mor rett tilbake til volieret. Andre set henne i eige bur eit par veker, der ho blir gitt godt med næringsrik mat og ho får ala ein rekreasjon.

 

HEKKING/KLEKKING

Ca 6-7 dagar dagar gammalt egg

Kor mange dagar går det frå kassa blir sett opp til det kjem egg?

Det går det ikkje an å svare på. Nokon kan legge egg etter få dagar, hos andre tek det opp mot eit par veker og det kan skje at hoa legg seg i kassa, -utan å legge egg.

Undulatar legg vanligvis egg annakvar dag, sjølv om ein kan oppleve det kjem eit egg to dagar på rad, eller der blir eit opphald på tre fire dagar. Det tek ca 18 dagar før det klekker. Dvs, dei klekker like gjerne på dag nr 17 som dag nr 20.

Som oftast er det ikkje noko problem å sjå om det første egget er befrukta når det er blitt 5 dagar. Det forutset at hoa kjem i gong med ruginga når ho har lagt det første egget. Det er det ikkje alle som gjer. Nokon kjem ikkje i gong før dei har lagt egg nr 2 og nokon rugar ikkje før det tredje egget er lagt.

 

ETTER KLEKKING

Ganske nyklekt unge som har fått godt med mat. Foto. R. Fromentin

Etter ungane er klekt, skjer utviklinga veldig fort og dei forandrar seg frå dag til dag.

Både under egglegging/ruging og når ungane er små og i kassa, er det viktig at vi ikkje uroar foreldre og ungar både i tide og utide. Når ein ser at foreldra tek seg av ungane sine, er det nok med ein rask kikk i kassa ein gong for dag.

Når dei er ca 4 veker, er det ofte at dei tek sine første små turar ut av kassa. Då er det heilt ok at vi handterar ungane. Som regel godtek foreldra dette, utan å føle at ungane er trua, slik dei kan gjer når ungane er yngre.

Som regel er dei ikkje mykje over 5-6 veker før dei er rimelig sjølvstendige i matvegen.

Etter dei har passert 6-7 veker veker, er dei som regel flytteklar til ein ny heim, eller kome over i eige ungdomsbur før dei blir sleppen ut i volieret.

 

RINGMERKING

Ringmerkinga gjer ein som regel når ungane er mellom 6 og 10 dagar.

Fleire ser etterkvart verdien i å ringmerke ungane. Ringen er fuglen sin ID, på lik linje med at hundar eller kattar blir chippa. Dei fleste oppdretterane fører register over fuglane sine med detaljar om den einskilde unge som er fødd.

På ringen står det initialar til klubben ein er medlem av, NUK og NTL, der oppdrettaren er registrert. Det står også årstal, løpenummer og dei som bestiller ringane ved hovudbestillinga i juli kvart år (NUK), får også sin eigen oppdrettarkode.

Klubben fører register over oppdrettarkodane og eigar av den, eller løpenummera til den som bestiller utanom hovudbestillinga.

Vi ser stadig vekk fuglar som blir etterlyst fordi dei har greidd å smette seg ut, eller at fuglar blir finne. Fuglane som har ringar, kan sporast tilbake til oppdrettaren.

Fargen på ringen skiftar frå år til år og fargen er internasjonal. Hos NUK startar det nye året ca 1 oktober som fell saman med oppstart av den nye hekkesesongen.  https://www.norsk-undulatklubb.no/ringbestillingskjema/

 

KOST I HEKKEPERIODA

Å gå i hekk er ganske krevjande for eit par og ikkje minst tappar egglegginga hoene for kalcium. For å hente opp kalcium, er vit. D3 heilt essensielt.

D3 får fuglane via sollys, men dette er ikkje mogleg å få til året rundt i Noreg, og i allefall ikkje om hausten og vinteren då dei fleste oppdretterane sett fuglane sine i hekk.

I fylgje forsking treng fuglane 30 minutt direkte ekte sollys pr. dag for å dekke behovet.

Vi får no kjøpt Uv-pærer/lysrør som er tilpassa fuglane, som gir D-vitaminet som er så viktig. Kjøper du lysrør, er det viktig å huske at armaturet du brukar er T8. ( dette får du på bl.a Biltema).

Ein må også ver obs på at pærene eller lysrøret har begrensa varigheit i antal timar dei gir frå seg UV-lys.

I ein artikkel på WBO si heimeside, ( World Budgerigar Organisation) «Calcium in Budgie`s Lives av Don Burke ( Australia) vil ikkje det å gi dei kun sepiaskal eller andre kalkblokker som einaste kalciumkjelde gi godt nok opptak av mineralet.

Grunnene til dette er at alle fuglar, også undulatar ikkje greier å hente opp kalciumet i den forma og det går rett ut via avføringa. Men at avføringa ( som faktisk undulatar et) er blir ei sekundærkjelde for kalcium. Det er anbefalt å bruke kalcium i flytande form, som gir eit direkte opptak. Det mest idèelle er at det også inneheld Vit.D3. Anbefalingane er å gi dei det eit par tre gongar i veka nokre veker før hekkinga og under hekking.

Kalciumblokker med jod er anbefalt som tillegg.

Engelske/ utstillingsundulatar veks raskt og blir ein god del større enn dei australske. Difor er også D3 vitamin og kalcium desto meir viktig at dei har tilgang til.

Ungar får næring, kalcium, frå eggeskalet medan dei er i egget. Har hoa mangel på dette, får ikkje ungen det den skal og problem kan oppstå.

Mangel kan bl.a. gi leggenød og mulig død hos hoer, ungar med sprikande føtter ” splayed legs”, nevrologiske problem, skjelvingar, rykningar og egg som ikkje klekker.

Eit variert kosthold med tilskot av grønsaker som f,eks rå gulrot, broccoli, selleri, ulike typar urter, spira frø, most hardkokt egg med skal eller kjøpt eggefor, D-vitamin, som direkte sol, UV-lys eller i flytande form, ulike kalciumkjelder samt god luftfuktigheit nokre veker før hekking, då etterliknar vi naturen og det er med på å få fuglane i hekkemodus.