Korleis foregår ei utstilling

No Slides Entered.

Forfatter: Anne G Johnsen

NUK arrangerar to utstillingar i året for NUK sine betalande medlemmar.

Ungfuglskue i mai/juni. Denne utstillinga er retta mot ungfuglar. Dvs. ungar for inneverande sesong, samt ungfuglar frå fjoråret, kalla derby.

Frå 2018 blir det gitt høve til å stille innkjøpte fuglar og i ei prøveperiode blir det ikkje sett krav om ringmerking i denne klassa. Dette er for dei som ikkje stiller i dei andre klassene.

Landsutstilling (LU) blir arrangert i ca oktober, då for alle tropefuglar. Der har NUK sitt eige arrangement, NM. På denne utstillinga er der ikkje aldersbegrensning på fuglane.

I innvereande år ( 2018) kostar det kr 100 pr. påmeldte fugl, men det er også ei maks-grense på kr 600. Stiller du 10 fuglar, er det 600 kr som gjeld.

KVA FUGLAR KAN STILLAST?

Etter 2015 kan både utstillingsundulatar ( engelske) og fargeundulatar ( australske) stille.

Klasse F: fargeundulatar.

Klasse B: utstillingsundulatar.

Klasse A : utstillingsundulatar.

Ein må ha «tjent opp» 30 poeng i klasse B før ein rykkjer opp i A-klassa.

Desse klassene er forbehalde oppdretterar,der ein har krav om at fuglen er eigenoppdretta og ringmerka.

Klasse C-open klasse. Innkjøpte fuglar, eller frå eige oppdrett. I ei prøveperiode blir det ikkje stilla krav om ringmerking. Ein har ikkje sett aldersbegrensning.

UTSTILLINGSKASSER

Utstillingskasser kan ein bestille og kjøpe via Norsk Undulatklubb. Kassene er som regel ikkje lagervare og klubben har samlebestilling ved behov.

WBO har sett ein standard på kassene, som gjeld både utsjåande og storleik. Ingen kasser skal skilje seg ut. Dette for anonymitet av fugl/eigar.

Det blir gitt høve til å låne kasser på ei utstilling dersom ein manglar. NUK må isåfall få førespurnad i god tid før utstillinga.



#

UTSTILLINGSHELGA

Utstillinga er sett til å vare ei helg.

Fredag ettermiddag er det innsjekking og registrering av fuglane.

Ein og ein fugl blir sett i utstillingskassa. Det skal ver godt med mat i kassa og dei skal ha drikkeautomat på kassa.

Sekretæriatet fører opplysningar om ein og ein fugl på sitt skjema. Alder, kjønn og mutasjon.

Ein får tildelt eit nummer pr. fugl der det er kryssa av i kva gruppe den høyrer til.

Dei einskilde nummerlappane skal limast på fronten av kassa/ene.

Fuglen blir så plassert i si tilhøyrande gruppe.

Om kvelden er det sosial samling med felles måltid.


Utstillinga startar på laurdag føremiddag.

Før dømminga skal vannautomatane takast av kassene. ( og huske å sette dei på når dømminga er over)

Alle får utdelt eit skjema der oppdrettarane/utstillerar er oppnotert. Nummera vi fekk tildelt på fredag står bak namna.

Då veit ein som publikum kva fugl som er oppe til dømming til ei kvar tid og korleis det går med fuglen/ane. Dommaren skal ikkje vite kven som eig kva fugl.

Ein startar med dei australske, så klasse B og til sist klasse A

Kor lenge dømminga pågår, er alt etter kor mange fuglar som stiller.

Under heile dømminga sit sekretæriatet og noterar plassering som fuglane får innan dei ulike gruppene dei er i. Fuglane som blir nr 1-5, får poeng.

Systemet mht. dømminga er enkelt, slik at vi som publikum også forstår kor fuglen blir plassert.

Den beste fuglen blir plassert til venstre, så kjem nr 2,3,4 og 5 fortløpande bortover.

Den som blir nr 1 i den gruppa, blir sett til sides for å konkurrere med den som blir nr 1 og sett til sides i neste gruppe osv., heilt til dei finn ein klassevinnaren både hos hoer og hannar. Den som vinn avdesse to, blir då Best in Show.

Lunsj er lagt til like etter utstillinga og før generalforsamlinga.

NUK si generalforsamling er for alle medlemmane. ( UFS, ikkje på LU)

Der er det tilbakeblikk på året, saker som er blitt innmeldt av medlemmane blir teken opp for avstemming, samt ein diskuterar vegen vidare.

På nokon samlingar blir det også lagt inn undervisning over eit tema for undulaten.

Om kvelden er det innbedt til festmiddag og premieutdeling.


Søndag; felles frukost, utsjekking og heimreise.


Related Projects