Normalteikna

No Slides Entered.

Forfatter: NUK

NORMALTEIKNA

Den opprinnlege undulaten kjem frå Australia og av farge er den lys grøn.

Teikningsmønsteret den har på hovud, nakke og vingar er det ein kallar normalteikna, som gjenspeglar det den er frå naturen av. Kroppsfargen er sterk, utan innslag av lyse parti. Vi kallar den fullfarga.

Vi vil også kunne finne eit og anna sporadisk innslag av fuglar som har ein anna mutasjon ute i naturen også, men på grunn av dei store mengdene med normalteikna, som også arvar dominant, får ein ikkje noko stor spreiing av dei andre.

Forkorta sei vi enten berre lys grøn eller Nt lys grøn.

Ordet mutasjon betyr endring i arvestoffet.

Hos alle andre type undulatar har det skjedd ei lita endring i arvestoffet frå den opprinnlge nt lys grøne og vi har dermed fått fleire mutasjonar og/eller fargar.

I den grøne serien finn vi: lys grøn, mørk grøn, olivengrøn.

I den blå seien finn vi: himmelblå, kobolt og mauve.

Vi har også normalteikna grågrøne og grå undulatar.

Grå er ikkje ein eigen farge, men blir rekna som ein faktor. Den kan kombinerast med alle blåfargane og vil framstå som visuell grå.

Kombinert med ein grøn, uansett grønfarge, ser vi fuglen som grågrøn.

Viol er også ein faktor, men den dekker ikkje like godt som den grå. Den let seg kombinere med alle dei tre grønfargane og alle dei tre blåfargane og vil gi fuglen ein djupare farge enn den opprinnlig er.


Eige skjema for grå og viol, samt arvegang er under oppbygging.


Auger: svarte med kvit irisring

Vokshud: blå hos hannar, vanligvis kvit-blå til brunleg hos hoer

Spottar: svarte

Maske: kvit hos blå undulatar, smørblomstgul hos grøne

Kinnplettar: djup violblå.Lysare blågrå hos grågrøne og grå.

Teikningar: svarte tette bølgeteikningar. Regelmessig mønster frå isse, nedover nakke, rygg og heile

Vingar: Gul farge mellom vingeteikningane hos den grøne og kvit farge hos den blå.

Kroppsfarge: fullfarga i blått eller grønt

Bein/føtter: hudfarga med blåskjer

Halefjør: mørke med tydelig innslag av mørk blåskjer. Svart hos grå og grågrøn


Arvegangen er DOMINANT og den dominerar over samtlege andre vingeteikningar.


Parringsskjema.

Nt han x nt ho = 100% nt ungar.


Related Projects