Arv, dominant, recessiv og kjønnsbunden recessiv

No Slides Entered.

Forfatter: NUK

Undulaten har tre ulike måtar dei arvar på.

Dominant, recessivt og kjønnsbunden recessiv arv.

DOMINANT ARV.

Fuglen har gen som dominerar og vi vil sjå det på fuglen. Dei kan ikkje bere det skjult. Unntaket er hos inos (albino og lutino).

Innanfor dei som er dominant er det nok at ein av foreldra er det, for å bringe det vidare til nokon av ungane.

Normalteikna (NT) dominerar over alle og den vil ikkje endre utsjåande i dobbefaktor.

Hollandsbroka (HB) er også ein dominant mutasjon og vi vil ikkje kunne sjå forskjell på ein HB i enkeltfaktor og ein i dobbeltfaktor.


Vi har også det som går under ufullkomen dominant.

Arven er fortsatt dominant, men det vil ver ein visuell forskjell på ein i enkeltfaktor og ein i dobbeltfaktor.

Dei vanlige her i landet som sorterar under ufullkomen dominant er:

Australskbroka (AB)

Spangle

Dansk Dominant (DD)


RECESSIV ARV

Vi kan skrive det om til vikande arv. Til dømes, set vi ein som har dominant gen i lag med ein som har recessivt gen, vil alle ungane få det dominante genet visuelt. Dei vil arve det recessive genet vidare, -skjult.

Der vi ikkje kan sjå det recessive genet, sei vi fuglen er splitt for noko. Vi skriv splitt med /. Framom streken står det vi ser. Bak streken står det vi ikkje ser, men veit.

Dette betyr at ein fugl som tilhøyrer dei dominante mutasjonane, kan bere recessive gen skjult (splitt).

Dei som tilhøyrer den recessive gruppa, kan ikkje bere dominante gen skjult.

For at recessiv arv skal vise, så må dette genet kome inn frå begge foreldra. Dette kjem til med å sette saman enten to foreldre som ber genet skjult, eller ein som er visuell recessiv i lag med ein dominant som er splitt for genet, eller to som er visuell recessiv.


Dette gjeld også forholdet mellom grøn og blå. Grøn er dominant overfor blå.

For å få blå fuglar, må ein enten sette saman to grøne fuglar som er splitt for blå, ein grøn fugl som er splitt for blå i lag med ein blå, eller to som er visuelt blå. Blå må inn frå begge sider for vi skal kunne sjå det.



Av recessive mutasjonar har vi;

Danskbroka (DB)

Brunvingar (fallow)

Lysvinge

Gråvinge

Skyggevinge.

* Lysvinge og gråvinge har gjensidig dominans overfor kvarandre. Set ein saman eit par der den eine forelderen er gråvinge og den andre er lysvinge, vil desse to slå seg saman og vi får det ein kallar FBC greywing.

Lysvinge og gråvinge dominerar over skyggevinge og kan difor ver splitt skyggevinge.

Som hos grøn og blå, får vi same forholdet. Vi må ha inn det blå genet frå begge foreldra for å få ein synleg blå.



KJØNNSBUNDEN RECESSIV ARV er den tredje måten å arve på.

Kjønnsbunden kjem av at arva er kytt til kjønn. Recessiv fordi den også kan berast skjult (splitt)

Hoer som høyrer til i denne gruppa av arv, vil ikkje kunne bere mutasjonen skjult. Den vil vise.

Hannane derimot kan ha mutasjonen enten synleg eller skjult (splitt), slik det er hos den recessive gruppa. Men ulikt dei recessive, er det nok at ein hanne har genet synleg eller skjult, for at han kan bringe arva vidare. Døtrer som arvar genet, vil bere det synleg.Hannen bringe arva vidare til sonane som splitt.

Mor, i lag med ein hanne som ikkje sorterar under den kjønnsbundne recessive gruppa, vil ikkje gi dette genet til sine døtre, men til sonane sine. Sonane vil bere det skjult.

For at både døtre og sonar skal ver synlig ein kjønnsbunden mutasjon, må mor ver det og så må genet samtidig kome inn frå farsida. Enten at han ER det, eller at han ber det skjult.


Mutasjonar i denne gruppa er

Opalin

Inos, (felles for albino og lutino)

Isabell

Texas Clearbody

Lacewing


Related Projects