Isabell

No Slides Entered.

Forfatter: NUK

ISABELL

Kjønnsbunden recessiv arv.


Der normalteikna har svarte teikningar, er isabell sine teikningar brune. På engelsk er mutasjonen kalla cinnamon som betyr kanel. Kanel gjenspeglar den brune fargen på teikningane.

Normalteikna er rekna å ha full styrke i kroppsfargen. Altså 100%.

Isabell har reduksjon i kroppsfargen og det ideelle er 50% av det ein nt er.


Kroppsfarge: -50% av fargestyrken til ein normalteikna

Spottar: -runde brune

Kinnplettar: -violett, blågrå hos grågrøne og grå.

Vokshud: -blå hos hannar, kvit-blå-brun på hoer.

Auger: -frå dei er nyklekka og til dei er 7-8 dagar, plommefarga. Når dei veks til,svarte med kvit irisring

Halefjør: -djup brun hos grå og grågrøne. Mørk blå med brun fjørpenn hos grøne og blå.

Føtter: -rosagrå

Bølgeteiknigar: -brune, regelmessig mønster frå isse, nedover nakke, rygg og heile vingane, som hos nt. Gul farge mellom vingeteikningane hos den grøne og kvit farge hos den blå



Parringsskjema


Kjønnsbunden recessiv arv

isabell han x isabell ho= 100% isabell.

isabell han x normal ho= normal/isabell hannar og isabell hoer.

normal han x isabell ho = normal/isabell hannar og normal hoer.

normal/isabell han x normal ho =

25 % normal/isabell hannar, 25 % normal hannar,

25 % normal hoer, 25 % isabell hoer,


normal/isabell han x isabell ho=

25% normal/isabell hannar, 25% isabell hannar,

25% isabell hoer, 25% normal hoer



Related Projects